Finansiell revisjon

Finansiell revisjon handlar om å kontrollere at den kommunale årsrekneskapen, samt registrering og dokumentasjon av rekneskapsopplysingar, samsvarar med aktuelle lover og føreskrifter. Revisor skal også vurdere kor vidt årsmeldinga stemmer med årsrekneskapen og gir dekkande opplysningar om avvik frå årsbudsjett og kommunestyrets føringar for bruk av aktuell løyvingar.

Vestland revisjon KO utfører også finansiell revisjon av kommunale føretak, interkommunale selskap og andre aktørar som kyrkjer, legat og stiftingar m.m.

Finansiell revisjon skal gjennomførast og dokumenterast i samsvar med kommunal revisjonsskikk og skal ta omsyn til vesentlegheit og aktuell risiko.

Etterlevingskontroll

Dette er kontroll som blir utført i forlenginga av finansiell revisjon, slik at revisor eventuelt kan avdekke svakheiter i dei delane av økonomiforvaltninga som ikkje er kontrollert i finansiell revisjon. Det er då finansiell revisjon som utfører etterlevingskontroll.

Attestasjon

I tillegg til revisjon av årsrekneskapen og etterlevingskontroll utfører vi ei rekkje attestasjonsoppgåver.

Risiko- og vesentlegheitsanalyse

Vestland Revisjon KO utfører også risiko- og vesentlegheitsanalyse (ROV) Dette er ein overordna analyse av risiko- og vesentlegheit i kommunen, fordelt på dei tre perspektiva samfunn, brukar og organisasjon. Føremålet er å gje aktuelle kontrollutval og kommunestyre eit grunnlag for å vurdere kva tenester og støttefunksjonar som det kan vere føremålstenleg å gjennomføre forvaltningsrevisjon og/eller eigarskapskontroll i. Analysen kan også vere av interesse for kommuneadministrasjonar og andre som ønskjer å sette seg nærare inn i det som kommunen arbeider med.

Forvaltningsrevisjon

Forvaltningsrevisjon handlar om å gjennomføre systematiske vurderingar av kommunal og fylkeskommunal forvaltning. Altså kor vidt forvaltninga gjer dei rette tinga på rett måte for å etterleve aktuelle regelverk og politiske vedtak. Forvaltningsrevisjon skal også undersøke kor vidt avgjerdsgrunnlaget til dei politiske organa samsvarar med krav til forsvarleg saksutgreiing. Forvaltningsrevisjon er slik meint å fungere som ein kontrollmekanisme mellom kommunestyret og administrasjonen. I tillegg skal aktiviteten også ha læringseffekt.

Forvaltningsrevisjon skal gjennomførast i tråd med Standard for forvaltningsrevisjon som er utarbeidd av NKRF kontroll og revisjon i kommunane. Denne seier kva som er god revisjonsskikk og fastset normer for planlegging, gjennomføring og rapportering av forvaltningsrevisjon i kommunar og fylkeskommunar.

Sjå: Standard for forvaltningsrevisjon

Selskapskontroll

Selskapskontroll er heimla i kommunelova kapittel 24 og handlar om kontroll av at utøving av kommunens eigarinteresser skjer i samsvar med kommunestyrets vedtak. Dette blir kalla for eigarskapskontroll, og er pliktig å gjennomføre. Selskapskontroll kan også blir gjennomført som forvaltningsrevisjon.

Rådgjeving

Vestland Revisjon tilbyr også rådgjeving til kommunar og kommunalt eigde selskap innanfor revisjonens arbeidsområde. I vårt arbeid dreg vi nytte av vår kompetanse innan offentleg verksemd og kjennskap til våre eigarkommunar og lokale tilhøve.